Ledige stillinger


Inspisient

Likar du å halde styr på folk? Er du ein kontrollfrik? Er du attpåtil triveleg? Då er du nok den perfekte inspisienten for UKErevyen. Her vil alle dine våtaste timeplandraumar kunne gå i oppfylling, og hovudoppgåva di er å sørgje for at folk er på rett plass til rett tid. Skodespelarane vil bli dine undersåttar, og det viktig at du drar i dei rette trådane. Omsorg og eit venleg andlet kan til tider bli heilt naudsynt for at me skal kome i mål, og det er difor eigenskapar ein god inspisient bør inneha. Kjennar du kallet? Søk Inspisient!

Antall: 1


Forfattarsjef

Det er ikkje poeng i å ha ein revy om ein ikkje har noko vettug å framsyna. Eit godt leia forfattarkollegium er alfa og omega, og å sørge for det vil vere di oppgåve. Du skal tilsetje ei artig gruppe kreative gudar, som kan skrive songar og sketsjar til revyen, og saman vert de hovudmotoren, sjølve køddemaskina, i produksjonen. Engasjement, ein viss struktur og teft for timing er absolutt oppmoda til, samt ein brei sans for humor! Vil du bidra til at publikum ler og grin under UKErevyen? Søk Forfattarsjef!

Antall: 2


Kapellmeister

Ingen revy utan musikk og revyband! Er du organisert og god på noter er dette stillinga for deg! Du har ansvar for musikarane og øvingar, og leier dei gjennom dei musikalske krumspringa under revyen. Har du erfaring med å arrangere musikk er det fantastisk, men det er ikkje eit kriterium for stillinga. Er du med på notane? Søk Kapellmeister!

Antall: 1


Koreograf

The hustle? Macarena? Harlem shake? Fugledansen? Jenka? Me vil nødig ty til desse moovsa, og treng difor ein kreativ koreograf til å halde styr på rørslene til scenefolka. Som koreograf er det di oppgåve å lage alle dansenumra til UKErevyen, og sørgje for at dansarar og skodespelarar greier å gjennomføre dine ville idear. Å vere ein dyktig dansar er ikkje det viktigaste for koreografen, det er langt viktigare å sjå og dyrke potensialet i alle aktørane på scena. Er du kvikk, tydeleg og ein kreativ rørslemakar? Søk Koreograf!

Antall: 1


Kost & Mask

Gjengen på scenen treng kostymer, utforma av ein kløppar på symaskin/strikkepinnar/finn.no og andre kreative påkledningsverktøy. Men Kost & Mask skal ikkje berre sminke og kle på dei merksemdsjuke på scena, dei utformar det visuelle uttrykket på scena, dei gjer liv til karakterane i dei forskjellige sketsjane, og sørgjer for at skodespelarar, dansarar og band tar seg bra ut kveld etter kveld. Høyrast det ut som noko for deg? Søk Kost & Mask!

Antall: 1


Rekvisittsjef

Strandsketsjar utan palmar, hovmeister utan skinnfell, og Åsa-Britt utan rullator – alt dette er det som skjer utan ein rekvisittsjef for UKErevyen. Di oppgåve er å skape det fysiske universet i dei mange sketsjane og songane, og her set berre fantasien (og budsjettet) grensar. Du har mykje å gjere med dei fleste gruppene i revyblokka, så dei viktigaste eigenskapane me ser etter i ein rekvisittsjef er god kommunikasjon, arbeidsvilje og kreativ problemløysing. Høyrast det ut som deg? Søk Rekvisittsjef!

Antall: 1


Lydsjef revy

«Hæ? Kva seier dei? Kvifor ler dei på fyrste rad?», «Eg ser at resten av bandet spelar, så kvifor høyrer me berre bassen?» og «Å HERREGUD TROMMEHINNA MI ER ØYDELAGT!» er alle kommentarar me ynskjer å unngå. Å skape eit bra lydbilete for ein revy av dette kaliberet er ikkje ein enkel sak, men det er utruleg viktig. Utan revylydsjefen er alt det andre arbeidet fånyttes, for kva hjelper alskens øvingar om publikum ikkje høyrer kva som blir sagt, sunge eller spelt? Samstundes skal det vere trygt for alle sine øyre å både sjå på og jobbe med revy. Er du rette personen for å skape denne balansen? Søk Revylydsjef!

Antall: 1


Lyssjef revy

På same måte som lyd er essensielt for at revyen skal bli høyrt, er lys essensielt for at revyen skal bli sett. Men den skal ikkje berre bli sett, den skal vere ei oppleving. Som Revylyssjef vil du stå for framkallinga av eit bredt spektrum av stemningar og kjensler med hjelp av lysbordet og alskens lyskastarar, alt etter kva som passar best for historia som vert fortalt på scena. Tidlegare leiking og erfaring med liknande arbeid er ein klar fordel. Har du sett lyset? Søk Revylyssjef!

Antall: 1


Spørsmål om stillingene kan sendes til revy@ukaiaas.no