UKErevyen tek eit oppgjer med kvardagsmoralistane

Journalist: Ida Lunde Naalsund

Torsdag 4.oktober var det duka for studentpremiere av UKErevyen. Med dans, song og latter vart UKA i Ås 2018 offisielt opna.

 Foto: Bendik Hassel

Foto: Bendik Hassel

Augneblinken vi har venta på

Aud.Max har knapt vitna eit vakrare publikum – ein fullsett sal av dresskledde karar og elegante jenter var klar for at vår lengste augneblink, UKA i Ås 2018, snart skulle gå av stabelen. Dei sprekkeklare studentane klarte knapt halde seg på stolsetene då tre glamorøse menneske entra scena. Tre menneske UKA i Ås 2018 ikkje hadde sett dagen utan. Leiar av Studentsamfunnet, Ane Magnussen, revysjef Oscar Mork og sjølvaste UKEsjef Ingrid Espnes talte til studentane, og ønska alle velkomne til studentpremieren av UKErevyen 2018.

Då det oransje UKEbandet var kutta over med motorsag, og festivalen offisielt var i gong, sa UKEsjefen nokre fortryllande ord som gjekk rett heim hos Ås-studentane: «Den som meiner dugnadsånd er eit fenomen som svinn hen, har ikkje vore på Studentsamfunnet og UKA i Ås.»

 Foto: Anne Guro

Foto: Anne Guro

Det oransje sceneteppet vart løfta, og stormande ut kom skodespelarane med kampropet «APP-APP-APP» og peikefingrane retta mot publikum, som vart trykte mot stolryggane av den valdsame irettesetjinga.

Kvardagsmoralistane

«App-App-App» er det passande namnet på UKErevyen 2018. Folk er kjappare enn nokon gong med dei moralske peikefingrane, og politisk korrektheit har blitt den største dyd. UKErevyen tek eit oppgjer med krenkingstyranniet, og tør å spøke med kontroversielle tema. Tema som framleis er tabu i dag blir tøysa med, og nokre av innslaga er såpass dryge at ein automatisk ser seg rundt for å sjå reaksjonane blant publikum. Har du lengta etter å kunne flire uhemma av grove songar og mørk humor, gir UKErevyen deg den utblåsinga du treng. Her er det ingen som hindrar deg i å slå deg laus og la latteren trille; her er alle moralske peikefingrar opptekne med å halde rundt ei øl og klappe.

UKErevyen set folk sitt strev etter å vere korrekte på spissen, først ved hjelp av ei botanisk korrekt kioskdame, som heller vil bli ein drapsmann enn å kalle ei peanøtt for ei nøtt, då det botanisk sett er ei belgfrukt. Kioskdama blir nok støtta i sin sak av moralpolitiet, som også tok turen innom revyscena. Moralpolitiet må kunne reknast som anden bak heile førestillinga, og var ikkje sparsam med kritikk og peikefingrar mot det moralsk avstumpa publikum.

Ei reise gjennom historia

 Foto: Anne Guro

Foto: Anne Guro

Publikum fekk også eit gjensyn med ein kjær klassikarar, då Tanita og Synneva briljerte i nyskapinga av Grevinnen og Hovmesteren i rollene som Erna og Siv. Tanita Skyttermoen Guldbrandsen er ein kjær UKEskodespelar for dei fleste, og skapar eit liv i salen som få andre klarer. Frå Erna til Åsa-Britt lever ho kvar ei rolle fullt ut, og med den sterke stemma si leverer ho solonummer som seint blir gløymde. Med seg har Tanita fleire dyktige songarar. Eit av dei mest imponerande songinnslaga var «Der Untergang On Ice», der Erik Rullestad og Ingrid Tysland skøyta rundt på scena medan dei fortalde den tragiske kjærleikshistoria om Adolf og Eva i ein vakker duett.

_DSC4644.jpg

Frå andre verdskrig, var UKErevyen også eit par gongar innom eldre historie. Vikingar på tokt i Skottland blir samanlikna med russen på Kos, og vi får også bekrefta at masande mødre har funne stad gjennom heile evolusjonsløpet. UKErevyen kontrar dei historiske innslaga med eit rykande ferskt og dagsaktuelt eit, som fekk salen til å klikke: «Exphil on the Beach» engasjerte publikum langt meir enn den opphavlege versjonen på TV.

 

Stimulerte alle sansar

Ikkje berre vart lattermusklane stimulerte, men UKErevyen var også ein fryd for øyrene. Med storslagne musikkinnslag, fekk også revybandet vist seg fram. Tre svingande gutar på gitar fronta eit samkøyrd revyband som imponerte – spesielt med opningsnummeret i andre akt. Saman med skodespelarane leverte revybandet songar som festa seg på hjernen, og som vart nynna i spritsløyfa seinare på kvelden. Gjennom forrykande musikalinnslag, med fengande låtar og solid koreografi, vart både kommunesamanslåing og dagsrevy noko heile salen engasjerte seg i.

Revyen vart runda av med peikefingerdans og app-app-apping som minna alle sansane på det krenkingstyranniet som regjerer i dag. Ta deg ein tur på UKErevyen, elles skal du sjå det er deg peikefingrane blir retta mot!

 

Maksimal Ås-faktor på miniUKErevy!

Tekst: Amanda Henriksdatter Woie Fotograf: Mats Langeid

miniUKE1.jpg

Med sine 10 454 medlemmer, og gjennomsnitt på +/- 500 innlegg i måneden, er Ås kommunes venner på Facebook blitt et merkverdig fenomen å følge med på. I årets miniUKErevy fikk vi æren av å vitne til selve skapelsen og andre innsiktsrike detaljer til gruppen og dens medlemmer.

Legendarisk åpning

Som ekte Ås-student er revy noe som ligger hjertet svært nært. Dermed var det med store forventninger og høy spenning i salen at Tora- og Thorvald-gardinene ble trukket til side for åpningen av årets miniUKErevy. 

Det første som møtte publikum var heftige diskusjoner om forsinkede tog og andre “I-landsproblemer” som de stakkars innbyggerne av Ås må gjennomgå dag inn og dag ut. Humorfaktoren var derimot til å ta og føle på fra første minutt og skuespillerne så ut til å stråle av selvsikkerhet og lidenskap.

miniUKE2.jpg

Omsider, når selveste Åsa-Britt, i egen person, tok plass på scenen med sin karakteristiske pelshatt og særegne meninger, raste applausen, og alle ble helt starstruck.

Temperaturen på samtalen steg og man innså at dette fort bygget seg opp til et tidlig høydepunkt; nemlig opprinnelsesøyeblikket av den legendariske Facebook-gruppen “Ås kommunes venner”.

Det var da kveldens første sang- og dansenummer med råtøff rytme trådte i gang, noe som virkelig satt fart på showet, og gjennomskuet arbeidet som var lagt ned i det.

 Nøye utvalgte temaer

Forestillingen rullet videre med mange kreative sketsjer, preget av politikk og rykende heite ordspill. Det var også en klar rød tråd gjennom hele kvelden, noe som satt revyens ettersmak i en kategori av høy prestisje. Historien utspilte seg i et sammensurium av hendinger som til slutt ledet til det store vendepunktet: Eika ble felt! Dette skapte rabalder blant Ås-vennene, og «fingerpekingen» gjenspeilte klart de holdningene som står sentralt i dagens samfunn og hos politiske lederes.

miniUKE4.jpg

Selv om det heter miniUKErevy, kan det konkluderes med at det var maksimal oppnåelse av poeng fra publikum, og dette var en kveld som definitivt kommer til å huskes.

miniUKE5.jpg

En av de som har sørget for at denne helheten markerte seg så klart er Monica Svenning Engmark, som har bidratt med å koreografere kveldens dansenumre. UKEbloggen var så heldig å få et par ord med henne, og det kom tydelig frem at hun var svært fornøyd med gjennomføringen.
På tross av dans- og drillbakgrunn, fortalte hun at dette var første gang hun koreograferte dans selv, i hvert fall til en forestilling av dette kaliberet.

miniUKE6.jpg

Det har blitt lagt ned mange timer, opptil 13-14 om dagen, så det har vært nok av tid til å føle på presset om å lage noe som både er imponerende å se på, samt passer til alle som skal opptre.
Monica påpekte at dette med å tilpasse dansenivå til skuespillere med liten eller ingen dansebakgrunn, var det som har vært den største utfordringen.
Etter spørsmål om forventninger og følelse etter vel gjennomført, kan den hardtarbeidende koreografen fortelle med lettede skuldre at hun var veldig fornøyd, og mest av alt var det gøy å være med på.

Etter endt finalenummer fikk også et lite knippe fra publikum bryne seg på en utfordring om å si kun tre ord for å beskrive revyen fra deres øyne.

 

 

 

Av tilbakemeldinger og reaksjoner, kan det meldes at revyen var:

 

person1.jpg

 

 

Løye

Bra

Aktuell

-Marte Bergane

 

 

 

Engasjerende

Morsom

Livlig

- Hermann Wegger

 

 

person2.jpg
person3.jpg

 

 

Dritbra

Elsket det

Fornøyd

- Emma Lindbäck