UKEhjelpa hjelper deg å hjelpe

Tekst: Ida Lunde Naalsund

Svaret på korleis du kan ha ei artig miniUKE og samstundes bidra til å forhindre barneekteskap i Malawi, får du her.

miniUKA står for tur, og på Studentsamfunnet yrer det av friviljuge studentar som gjer sitt aller beste for at denne veka skal bli den beste så langt i år. Ein av dei er Selma Solenes Madsen, komitesjef i UKEhjelpa. Ho har teke seg fri frå førebuingane for å fortelje oss kva ho og komiteen hennar driv med.

UKA sin veldedighetskomite

Når vi byrjar å prate, må eg ærleg innrømme overfor Selma at eg ikkje veit heilt kva UKEhjelpa inneber. Heldigvis er ho meir enn villig til å fortelje. «UKEhjelpa er UKA sin veldedighetskomite», forklarar ho.

- Vi lyser ut moglegheita for frivillige organisasjonar til å få støtte til prosjekta deira, også opprettar vi ulike arrangement, og gir bort inntektene derifrå.

Som komitesjef har Selma ansvaret for å velje kven av organisasjonane som søker som skal få støtte. Valet var ikkje lett å ta, men ho bestemte seg til slutt for eit prosjekt ho sjølv meinte skilde seg ut.

Radio mot barneekteskap

«I år går pengane til Plan International Norge sitt prosjekt Radio Timveni.» Eg rekk så vidt notere namna før Selma ivrig set i gang med å fortelje om prosjektet ho har vald ut.

- Prosjektet går ut på å forhindre barneekteskap i Malawi, då dette ikkje lenger er tillat. Sjølv om det ikkje er lov lenger, er det berre eit fåtal av innbyggarane som har fått med seg lovendringane, og barn blir framleis gifta bort. I Malawi er det mange som verken kan lese eller skrive, og Plan arbeider derfor med å formidle bodskapet via radio, slik at barn og unge blir opplyst om rettane dei har.

 Foto: Bendik Hassel

Foto: Bendik Hassel

Ta ein usjølvisk sjølvi

I løpet av miniUKA er det flust av moglegheiter til å bidra til dette gode formålet. Saman med fotoklubben skal blant anna UKEhjelpa setje opp ein fotoboks ved inngangen av spritsløyfa, som festdeltakarane kan bruke under festkveldane.

 - I fotoboksen kan ein ta artige gruppebilete med effektar og bakgrunnar, som blir lagt ut på Facebook.

Komitesjefen hintar også til at det kan bli ein moglegheit for å få ta ein sjølvi (red.anm. selfie på nynorsk) med nokre av dei store heltane som skal spele under miniUKA.

I år har også UKEhjelpa slengt seg på ein heilt ny trend, og skal arrangere «silent disco» på huset. «I fjor hadde vi karaoke, men sidan «silent disco» har teke slik av, tenkte vi at det kunne vere artig å prøve. Blir det ein suksess, kjem det nok att til sjølve UKA.» Konseptet er enkelt; ein leiger seg eit par hodetelefonar og dansar seg inn i si eiga verd. Samstundes som ein støtter ein god sak! Har du ikkje prøvd det før, må du ta turen innom Halvors Hybel fredag eller laurdag kveld.

 

Spar på panten!

UKEhjelpa legg verkeleg til rette for at kven som helst skal kunne bidra til innsamlinga. På søndag blir det arrangert utekino, og der vil UKEhjelpa stå klare med snacks du kan kjøpe og kose deg med til filmen. Då skal du i alle fall ikkje la samvitet hindre deg i å ete snop.

UKEhjelpa har enda eit tiltak som verkar meir enn gjennomførbart for dei fleste:

- Ei veldig sterk oppmoding til folk er å samle på panten sin! Har du vors på laurdagen, må du la flaskene stå att, for på søndag kjem vi i UKEhjelpa på panteinnsamling.

Du kan altså gjere ein god gjerning ved å berre ligge fyllesjuk på sofaen, så lenge du opnar døra for UKEhjelpa og gir dei panten din.

 Foto: Maria B. Langhelle

Foto: Maria B. Langhelle

 

Meiningsfylt arbeid

Sjølv om det er mykje arbeid å vere komitesjef, er Selma takksam for moglegheita til å bidra til UKA. Men som sjef for UKEhjelpa får ho bidra til at fleire enn berre studentane på Ås kan få det bra. «Det å kunne samle inn pengar til eit velgjerande formål, gjer at arbeidet kjennast ekstra meiningsfylt», fortel ho.

Og sjølv om ho og funkisane hennar kjem til å stå på heile festivalen for å støtte til Plan og Radio Timveni, skal ho også nyte godt av det kjekke som skjer framover. «Eg ser fram til alle konsertane, og å eigentleg berre kose meg på Samfunnet!» avsluttar Selma.