To hvite med Hvitmalt Gjerde

Journalist: Silje Kvist Simonsen Foto: Gunnar Størseth Haarr

Tre gutar, tre nomineringar til Spellemannsprisen, ein katastrofal Ås – konsert og fotballkamp på hotellrommet. Hvitmalt Gjerde har gitt Ås æra av å vere vertar for deira aller siste konsert utanbys.

Gunnar Størseth Haarr Hvitmalt Gjerde 1.jpg

Eg hadde forventa eit intervju med høg stemning i ein litt sliten sofa back-stage. Derfor blir eg litt overraska når det som møter meg på hotellrommet i Ski er to unge menn som sit slengd i kvar si seng med ein fotballkamp på mute. Det står 1 – 0. Sistemann kjem inn frå naborommet og slår seg ned med eit glas vin i handa. Stemninga er totalt avslappa, og praten byrjar av seg sjølv.

Hvitmalt Gjerde

Gunnar Størseth Haarr Hvitmalt Gjerde 3.jpg

Det var ikkje alltid Johannes, Håvard og Sturla som utgjorde bandet Hvitmalt Gjerde. Det heile byrja på barneskulen, med eit trommeloft, ein gitar og to gode vener. Trommeloftet fant stad hos Sturla, og han og Johannes spelte saman kvar dag. I 2007 fekk dei profilen sin som Hvitmalt Gjerde, og etter debutalbumet «Hvitmalt Gjerde.» I 2013 bestemde dei seg for å ta ein pause i kvart sitt land, England og Australia. I 2013 var dei fire, no var dei to, og heime venta ein lovnad til plateselskapet. Sturla fortel at dei «måtte til Oslo å lyge litt, å si at vi hadde alt på stell og hadde låter klar og bassist klar.» Heldigvis overtyda dei, og ei veke etterpå var Håvard på plass og låtane kom reint faktisk på stell.

Eg er nysgjerrig på namnet deira, og vil vite korleis dei kom opp med det. Sjølv hadde eg håpa at dei var entusiastiske gjerde-folk som elska kvitmåla gjerder høgst, men der vart eg skuffa. Sturla fortel at namnet kan ha kome av at dei vaks opp med kvite gjerder rundt seg i Bergens forstader, og at det låg der i underbevisstheita. Etter å ha eksperimentert med namn som «Slaves of Independence» og «Deeper Ballsack» fann dei ut at  «Hvitmalt Gjerde» var eit kult namn. Det var eit bandnamn som ikkje prøvde for hardt  vera eit bandnamn, «det bare funka».

Stemningsrapport frå livet

Gunnar Størseth Haarr Hvitmalt Gjerde 2.jpg

Eg vil vite kva som inspirerer gutta frå Bergen til å skrive, og meir presist om dei baserer songane sine på faktiske hendingar. Johannes, som er vokalist og skriv mesteparten, bekreftar dette. Han fortel at han knyt ein del av songane opp mot konkrete situasjonar, «man må jo skrive realistisk». Johannes skriv ikkje teksten som ein historie, men prøver å skildre stemninga og skrive ein stemningsrapport. «Det er det som er digg (…) du kan gi mer mening til ting, få noe mer utav en situasjon.» Ikkje at dei ser på det som eit problem om det ikkje skjer noko i livet deira. Dei ser på det òg som ein inspirasjon, som i stor grad var utgangspunkt for minialbumet deira, «Cowboy & indianere,» i 2012. Då var dei om lag 17 år gamle og gjekk på vidaregåande, og det skjedde ikkje ein drit. Det blei utgangspunktet for ei reise som skulle gjere Hvitmalt Gjerde til eit namn, og kor dei på vegen fekk med seg tre nominasjonar til Spellemannsprisen i kategoriane «Året nykommer» og «Indie». Desverre er reisa på veg til å ta slutt.

Minner frå Ås: «Det gikk til helvete»

Det kvitmåla gjerdet skin aldri så fint, og fordi det er på topp skal det tas ned. Eg spør om grunnen til at dei vel å avslutte no, og blir fortalt at det var eit godt alternativ for dei. Dei er alle nøgde med avgjerda. Dei vil huskast som «kjekke og vitale og unge», og då er det viktig å stoppe i rett tid. Kveldens mest innsiktsfylde ord kjem frå Håvard. «Det er viktig å kunne se seg selv og innse sine begrensninger og prosjektet du er involvert i sine begrensninger for å finne ut hva som er det mest optimale». Kloke ord. Og når dei først avsluttar prosjektet skal det avsluttast heilt. Ingen siste krampetak «Hvis du først annonserer at du skal gi deg, og så spiller på en kebabsjappe i Volda» – det er dei einige om ikkje å gjera. Uheldigvis for alle fans som hadde sett seg ut ein kebabsjappe i Volda der dei kunne vente på comebacket.

Konserten på Samfunnet blir deira siste konsert utanbys, men dette er ikkje første gongen dei er i Ås. Dei har hatt ein konsert her tidlegare, og den hugsar dei godt. «Det gikk til helvete». Dei var på slutten av ein turné, og nervane til Håvard var rimeleg tynnslitne. Kombinerer du det med lite søvn, ein snusboks på avvege og to røkne gitarstrengar får du ein kveld du seint vil gløyme. «Håvard mistet hodet, og eg bare satt der dautrøtt og tenkte ka faen er det som skjer», summerer Sturla. Håvard fortel om eit tidspunkt under konserten kor han zooma heilt ut, og slapp bassen for å gripe snusboksen sin , som låg ved forsterkaren. Men dei likar Ås, og lover at denne gongen blir det bra. Og ein ting er alle tre einige i. Ås er betre enn Ski.

Gunnar Størseth Haarr Hvitmalt Gjerde 4.jpg

Vårt beste minne

Til sist vil eg vite om dei har eit favorittminne frå tida som Hvitmalt Gjerde, og eg får eit eintydig svar. København for to somrar sidan. Då dei spelte på gatefest. Stemninga var enorm og til å ta og føle på, og motivasjonen og driven kom bølgjande inn over dei. Publikummet fekk høyra eit par «verkstedslåter», og heile opplevinga gav dei motivasjon til å fullføre sitt aller siste album, før Hvitmalt Gjerde blir lagt på hylla.

Då manglar det berre å sjå om dei òg kan skape eit av våre beste minne, og vera med å markera byrjinga av miniUKA med eit smell!