Fett, Faenskap og Funkiser 

Tekst: Julie Westergaard Karlsen Foto: Anne Guro Røsæg

Ein viktig del av fyll er fyllemat – ansvaret for dette har falt på Ulrik Melhuus, betre kjent som nattmatkongen, under miniUKA og UKA. Han har saman med eit knippe NKar og funksjonærar diska opp med ein legendarisk meny, og invitert UKEredaksjonen til å smake. 

bilde1.jpeg

 

Funkisvennleg meny 

UKEmenyen er laga med omsyn på funksjonærane. Menyen er i stor grad basert på ønskjer frå studentmassen, og har fleire nyheiter på lur. Etter ønskjer frå studentane blir det både toast og Mac ‘n’ cheese til miniUKA. Mac ‘n’ cheesen var mektig, og er den perfekte fyllematen etter ein lang og hard kveld på Samfunnet. Søtpotetfriesene er også tilbake. Alt på menyen har eigne funkisprisar, så ein kan bli mett sjølv på studentbudsjett.  

bilde2.jpeg

 

UKEburgeren 

bilde3greenmexican.jpeg

UKEburgeren byr på eit saftig stykke kjøtt, tomat, lauk, salat samt aïoli, cheddar og eit tjukt lag med guacamole. «Den er ikkje beskjeden med guacemolen,» som Silje så fint utrykte det. Den får skryt for smakssamansetninga – diggar du dipp og tilbehøyr er dette burgaren for deg. Klassikeren ble hvertfall fort utnemnd til Siljes og Sondres favoritt.

 

Guilty Pleasure 

guiltypleasure.jpeg

Guilty Pleasure kjem med lauk, tomat, sylteagurk, salat og aïoli, men det er baconet, cheddaren og BBQ-sausen som har gitt den namnet sitt. Det er Caroline som beskriver burgaren som «fett og faenskap,» som fekk ideen, og dei forstod med ein gang at den måtte med. Burgaren beskrivast som «smakfull,» og «sjukt digg,» og er fleirtalets favoritt. At denne nysatsinga vil bli ein suksess er så godt som garantert. 

You know I’m a Veggie? 

veggie.jpeg

You know I’m a Veggie? er som namnet tydar det vegetarianske burgaralternativet. Padda består i hovudsak av kikerter og egg, og er heilt uimotståeleg crispy. Som UKEburgeren kjem den med tomat, lauk, salat og rikelege mengder aïoli og guacamole. Burgaren er så god at den nærmast bør være obligatorisk for vegetarianar, og anbefalast på det sterkaste til alle andre òg – særleg om du er glad i litt krønsj. 

 

Eksklusive nysatsingar i UTEgrillen 

UKAs snekkerkomité og husdesignkomité har brukt den siste tida på å oppgradera UTEgrillen med bla. ein serveringsstasjon, og eit nytt strøk maling, og menyen er like vakker som vogna. I tillegg til alt snadderet du finn i UKEgrillen, kan ein få eit eksklusivt utval av toast 

Treng du noko kjapt og enkelt på veg til nach, så anbefalast det å stikke innom den nyoppussa UTEgrillen. Den er blitt pynta opp med bla. ein ny serveringsstasjon og eit nytt strøk med maling, og er like vakker som menyen, kvar ein blant anna får tilbodet om toast. Toasten er eksklusiv til UTEgrillen og kjem i variantane Classic, Club Sandwich og Veggiebunch, med tomat, mozzarella og pesto. Veggiealternativet var som Silje sa «delikat, lett og dødsgod,» og rosast for pestoen. 

Allergivennleg og miljøvennleg 

Til UKA ønskjer UKEgrillen å tilby ein UKEburgar til veganarar. Dei skulle gjerne òg hatt det til miniUKA også, men gode veganpaddar er dessverre vanskelege å finne. Aïolien dei har vald er vegansk – så veganarar oppfordrast til å hive innpå med fries og aïoli. 

Det finnest også glutenfrie alternativ til brødet, og er ein laktoseintolerant kan ein sjølvsagt få burgar utan ost – UKEgrillen er svært serviceinnstilte. 

UKA i Ås er eit miljøfyrtårn, og tar ekstra omsyn til miljøet. For UKEgrillen betyr dette at ein satsar på serveringsutstyr frå Greenway, med ein biologisk nedbrytingsevne – det kan kastast rett i matsøppelet.