UKA avsluttast med ein klassikar på lerretet 

All moro må ein gong ta slutt. Søndag 28.oktober kunne alle slitne funkisar slenge seg i ein sofa, puste ut og nyte UKA i Ås 2018 sitt siste arrangement som tok oss tilbake til femtitalet - Grease vart vist i Halvors Hybel. 

 Foto: Markus

Foto: Markus

Feel good-film 

Aktivitetsgruppa under UKA gjorde eit godt filmval då dei runda av UKA i Ås 2018. Det er få filmar som har den same «feel good»-faktoren som Grease har. Sjølv om den ikkje vart spelt for fullsett sal, hadde den ein god effekt på den koselege gjengen til stades, som stadig let seg bevege av dei udødelege rytmane frå musikalen som framleis er ein favoritt etter 40 år.  

Eg pratar med to av jentene i aktivitetsgruppa under UKA, som har vore med og arrangert kinokvelden. Dei fortel kvifor arrangementet, som på programmet heiter «Drive-in kino», tok stad inne, i Halvors Hybel. «Det var alt for kaldt ute til at folk kunne sitte i bilane sine, når ein må rulle ned vindauga for å høyre lyden.» Heldigvis let ikkje aktivitetsjentene seg hindre av vintervêret, og stelte i stand ei koseleg sofagruppe til medstudentane sine der ein kunne kjøpe snacks eller ein kopp kakao om ein framleis ikkje hadde fått varmen i seg.  

 Foto: Markus

Foto: Markus

Aktivitetar frå A til Å 

Det er rart å tenke på at månaden vi har gledd oss til i to år, no er over. Aktivitetsjentene har som hundrevis av andre frivillige studentar stått på for at UKA i Ås 2018 skulle bli vår lengste og beste augneblink. Aktivitetsgjengen, som i kveld har stelt i stand ein ordentleg kosekveld, har også under UKA gitt studentane moglegheita til å prøve ting dei aldri før har gjort. Under UKA har dei arrangert morning beat, ein dansefest klokka sju om morgonen, mekanisk okseriding og språktandem, for å nemne noko. Jentene har mykje artig å sjå tilbake på, men ikkje berre eigne arrangement. Både spritsløyfa og UKErevyen blir trekt fram som komponentar som har gjort UKA i Ås 2018 til ein av dei meir minneverdige månadane i studenttida.  

Takk til Thorvald og Tora 

Då rulleteksten inntok lerretet, og lysa vart slått på, slo det meg: UKA er over. UKA i Ås 2018 har i ein månad gitt oss nye musikkopplevingar kvar helg, frå Sputnik til Broiler, ein fabelaktig UKErevy utan like og ei spritsløyfe der ein kunne danse seg gjennom Mexico, Galtvort og Legoland med eksotiske forfriskingar på vegen. Ikkje berre har vi fått festa frå oss under UKA, vi har også fått med oss kurs og foredrag med eit breitt innhald, slik at alle kunne ta del i Noregs lengste kulturarrangement. Det er ikkje anna å seie enn «TAKK!», takk til alle som har stått på, til alle som har jobba dag og natt og sett livet på vent for at UKA i Ås 2018 skulle bli den mest minneverdige månaden i manns minne.