Skal me fikse litt på revyen din? Nei, den er god nok!

Studentar frå alle Noregs hjørne har samla seg denne helga. Dels for korhelg, dels for eit av høgdepunkta for revyinteressert studentar. NM i studentrevy. Stemninga var høg, og publikum vart ikkje skuffa.

Journalist: Silje Kvist Simonsen

Den store tidtakaren på sceneteppet viser 30 sekund før showstart, og underteiknande dumper ned i stolen sin, klar med notatblokken, og spent. UKErevyen er eit av høgdepunkta under UKA for meg, og då gler eg meg for å sjå kva resten av Noreg har å by på! Eg var ikkje åleine om å glede meg til kveldens program. Dommarane Marte, Marius og Mathias (er dei valde ut frå namn?...) hadde høge forventningar for kvelden, og gleda seg til eit variert program. Som dommarar sat dei med eit stort ansvar, då kveldens vinnar vart direktekvalifiserte til NM i revy. Det ordentlege NM. Då var det godt at dei var kvalifiserte for jobben, med jurysjef, Marte, frå Norsk revyfagleg senter, Matias som timemessig har fulltidsjobb innan revy (noko som dessverre ikkje lønner seg økonomisk) og Marius, litteraturvitar og ein folkets representant. Saman skulle dei finne nummeret som hadde alt; aktualitet, utstråling og bra tekst, for å nemne nokre av krava.

 Foto: Kristian Haraldsen

Foto: Kristian Haraldsen

Kveldens første nummer vert presentert av UKEN i Bergen, eit songnummer om dei rikaste her i landet. Her flaut bokstaveleg talt champagnen, til skrekk og gru for fattige studentar i salen. Etter dette følgde fleire gode nummer, inkludert ein fantastisk parodi på Magnus Carlsen, den faktiske Vilde frå serien «Side om Side» og ein morf av Lan Marie Nguyen og Pocahontas. Jubelen braut ordentleg ut då ein kjent Ås-gjeng gjekk ut på scena, iført skjegg og kjortlar. Dansebandet Tralliban baud på fleire vittige ordspel før dei smigra publikum med sin omskriving av «Kongen på Campingplassen».

 Foto: Kristian Haraldsen

Foto: Kristian Haraldsen

Etter dette starta det som, i følgje dommarane, var ordentleg bra,  og dei fire prisane vart delt ut blant dei sju neste numra. Bergen presenterte sketsjen «Paraply» som vart kåra til kveldens sketsj og som omhandla, ja, Bergen. Her møtte ein folk i gul jakke og sydvest som var dødeleg opptatt av paraplymote. Den stakkars innflyttaren visste ikkje kva ho skulle gjere då ho irritert gjorde dei merksame på at det ikkje regna, og heile gjengen kortslutta. Sånn går det når ein nektar for folks identitet. Etterpå var det sjølvsagt Trondheim sin tur til å vera patriotiske, noko dei fekk fram gjennom «Trønderkællen», ein eigendomsmeglar som gav  deg det beste trønderske huset med stuebord med mosaikk av karskringar og laussnus, og servering av karsk. For kven vil vel servere Cava til ei visning? Ikkje ein trønder i alle fall, for som han så fint sa (ropte) det, «Cava e de æ pæss når æ drikk karsk!» Den gode teksten saman med ein flott publikumskontakt sikra trønderane prisen for beste monolog.

 Foto: Marianne Mjelde

Foto: Marianne Mjelde

Trondheim var ikkje ferdige med dette. Dei venta fint medan Åsingane presenterte eit par fleire innslag, før dei gjekk inn for å sikre seg resten av prisane. Sangnummeret «Fikse litt» byrja med tre jødiske menn som prisa Guds skaparverk, utanom ein liten (stor?) ting. Den mannlege tissen. «Skal vi fikse litt på tissen din?» Det var ikkje berre gutar som vert oppfordra til omskjering, då Islam rett etterpå bragde kvinnene på banen. Kvinnetissen er ikkje perfekt den heller. «Skal vi fikse litt på tissen din?» I vitskapens namn blir religionen feia til sides, då den plastiske kirurgen gjer sitt inntog med sin kraftige og flotte songstemme. Det er kanskje ikkje Gud som har skyld i at tissen din ikkje er perfekt, men fiksast skal den! Alt avsluttast i salig gospel og med ein sterk solostemme. Bodskapen er tydeleg. Fiks på tissen din! Kan hende skal det tolkast ironisk…Sketsjen skal det i alle fall ikkje fiksast på, og den håvar med seg prisen for beste song og beste nummer. «Fikse litt» blir no inngravert i den berømte vandrepokalen, og Trondheimsgjengen er klare for NM i revy neste år.

Trondheim og Bergen var ikkje kveldens einaste vinnarar. For å teste språkkunnskapane til studentane vart ein Kahoot arrangert med dialekter frå dei representerte byane. Her vart det snart tydeleg at Paraplydama utklassa alle konkurrentar, og i den avgjerande konkurransen viste ho seg å vere særs talentfull når det gjaldt å dra ut ein heil tørkerull, noko som gjorde ho fortent til ei flaske champagne.

 Foto: Kristian Haraldsen

Foto: Kristian Haraldsen

Med det var showet over, og glade vinnarar og studentar trakk inn i spritsløyfa for å feire kvelden ytterlegare.