Ein smak av Ås

UKEmarked.jpg

Journalist: Ida Lunde Naalsund

SmakÅs engasjerte laurdag 13.oktober heile bygda i ein festival der mat og teknologi stod i sentrum. Langs ei løype frå campus til sentrum kunne folk la seg freiste av all slags mat og lære meir om kvar han kjem ifrå og korleis han kan bli meir berekraftig. 

SmakÅs er i følgje seg sjølv Noregs einaste mat- og teknologifestival med eit fokus på berekraftig utvikling. Nær sagt heile Ås var teken i bruk under festivalen, som hadde program på fem forskjellige stader, der både store og små vart underhelde og opplyste. 

Leik med maten

Den første av dei fem marknadane eg var innom, var «Mat og Dyr» på Vitenparken. Her måtte ein gå sikk-sakk mellom barnevogner for å kome fram til kaféen. Eit mylder av ivrige ungar deltok i ulike aktivitetar, og foreldra var ikkje seine med å ta del. Nede i kjellaren kunne ein kose med kyllingar, og utanfor vart framtidige artilleristar krøka, ved kålrotkatapulten. Her var det altså lov å leike med maten!  

Freistande forsking 

Adrian Meringdal2.jpg

Eg vandra vidare mot sentrum, men kom ikkje lenger enn Meierikrysset, der eg vart stoppa av skiltet som sa «Gratis soft-is». På Kunnskapsmarknaden var forsking i sentrum, og mange av våre eigne forskarar frå NMBU stod klare for å pirre ved både smakslaukane og nysgjerrigheita til dei som tok turen, blant anna med den nyskapande soft-isen laga av geitemjølk. Eit av forskingsprosjekta som vart synt fram var FoodProFuture, som lokka til seg folk med ein innovativ hummus laga på norske, gule erter. Hensikta med prosjektet er å utvide horisonten for produksjon og bruk av norske planter til god og næringsrik, berekraftig mat. Senteret for fôrteknologi ved NMBU, FôrTek, brukte blant anna sushi som agn for å dra folk inn. Medan ein let fisken krinse i munnen, synte dei fram kva fisken har hatt i sin eigen munn, og dei la fram gode, berekraftige forslag til både fiske- og dyrefôr for framtida. 

Også studentar frå universitetet bidrog til folkefesten. Med vakker Lærkesong og duft av mat frå heile verda, lokka studentane åsfolket til Storebrand. Foreininga for internasjonale studentar ved NMBU, ISU, var representert av 14 studentgrupper som hadde teke med seg noko av det kjæraste dei har frå heimlanda sine – mat, som dei delte med bygda. 

Frå jord til bord

Adrian Meringdal1.jpg

Ikkje berre fekk folk servert mat denne dagen, dei fekk også jobbe for han. På Søråsjordet inviterte Ås Landsbrukslag til potetplukking. Vi et alle mat, men i dag må berre eit fåtal av oss arbeide for å få han opp av jorda. At mange i dag er distansert frå opphavet til maten dei et, er noko landbrukslaget vil gjere noko med. Store som små, stod folk med nasene i jorda og plukka med seg poteter så kortreiste som ein kan få dei.

I sentrum kunne også lokale gardar freiste med mat som ikkje har kome til Ås med fly, men som har blitt dyrka og hausta i nærområdet. Ein flokk sauar stilte også opp, og gav bort ulla si slik at folk kunne spinne tråd av han. Fokuset på «frå jord til bord» har gagna fjerdeklassingane ved Rustad skule i Ås, som kunne fortelje om SFO-prosjektet sitt «Kvar kjem maten frå, eigentleg?» Ungane får kvar onsdag besøke lokale gardar som syner dei kvar maten eigentleg kjem i frå, og dei får ta del i prosessen frå hausting til foredling. Blir det eit vellukka prosjekt, lovar det godt for framtida til Ås. 

SmakÅs gav befolkninga i Ås moglegheita til å oppleve mat på nye måtar, bli med og hauste den sjølv, og lære korleis den kan bli ein del av ei meir berekraftig framtid. Etter å ha teke del i festivalen, kunne heile Ås gå heim mette på både god mat og kunnskap.