UKEgrillen har festmat til heile folket

Journalist: Ida Lunde Naalsund

Fotograf: Ina Marie Finnerud

Nattmat er livsviktig under UKA – for dei som et kjøtt og ikkje, og dei med og utan allergiar. Vi har testa burgermenyen til UKEgrillen, for å sjå om han har noko for ein kvar smak og behov. 

Kvart menneske er unikt. Vi har forskjellig utsjånad, interesserer, humor og ikkje minst, vi er alle forskjellige i matvegen. For eit altetande matvrak som meg, er livet lett matmessig. Når festkvelden nesten er omme, og det freistar med nattmat, står eg fritt til å velje akkurat det magen vil ha. Det er dessverre ikkje så lett for alle. Eg har tatt med meg to venninner som må ta fleire hensyn når dei vel kva dei skal fylle magen med på fest – Sunniva er cøliaker og Kjersti er vegetarianer. Saman skal vi sjå om UKEgrillen har eit inkluderande nattmattilbod under UKA i Ås.

UKEburger2.jpg

Inkluderande meny

Før festmåltidet starta, tok vi ein prat med UKEgrillsjef Ulrik Melhuus. Han fortel om vegen fram til burgarmenyen dei skiltar med i Johannes. «Vi har leita oss fram til ulike kombinasjonar vi syntest var spanande, og sett dei saman i ein meny. Vi har ingen klassisk burgar, men vi har heller turt å satse på meir eksotiske variantar.» Ulrik fortel også at dei har gjort ein innsats for å lage ein inkluderande meny, slik at alle kan få god mat, uansett kva behov ein måtte ha. I tillegg til vegetartilbod, kan ein også få ein vegansk UKEburgar. Også aiolien dei brukar er vegansk, slik at alle som kjøper søtpotetfries skal få det same tilbodet. Til Sunniva si store glede, kunne UKEgrillsjefen også fortelje at dei har glutenfrie tilbod både i UKEgrillen og UTEgrillen.

UKEburger3.jpg

Noko for ein kvar smak

Kva er ein god burgar? Dette spørsmålet kunne like så godt dukka opp på eksamen i exphil, for det finns ikkje eit eintydig svar. Eg, Sunniva og Kjersti diskuterer, og vi kjem alle fram til forskjellige kriteria for ein god burgar. Det eg vil ha, er ein burgar som kan utfordre – spanande smakar og kombinasjonar er noko eg set høgt. Ser eg noko eg ikkje har prøvd før, går eg som regel for det.  Sunniva søker ein juicy burgar med deilig saus og ost. «Det er saftigheita som er viktig», argumenterer ho. Kjersti er ein litt enklare sjel, ho ser først og fremst etter eit vegetarisk tilbod, og let samansetninga elles komme i andre rekke. Ho er i midlertidig svak for avokado, og er ikkje framand for å ha dette på burgaren sin.

Med desse tankane fremst i pannebrasken, tok vi ein titt på burgarmenyen, i håp om at den kunne møte forventningane våre. Dette ende vi opp med:

Ida: Italian med mozzarella, pesto og tomat

Sunniva: Bacon Brie Burgar med stekt lauk, tomat og aioli

Kjersti: UKEburgaren med guacamole, salat og aioli

Vi følger burgarane med romantiske blikk i det dei kjem ut frå kjøkkenet, og beundrar dei ei stund før vi set tennene i dei. Kjersti uttrykker med ein gong at førsteinntrykket er positivt. «UKEburgaren bognar jo over av tilbehøyr!» Alle er spesielt nøgde med storleiken, for det ser ut til at vi skal bli gode og mette på dei runde godbitane framfor oss. Vi tek vår første bit, og det blir stille rundt bordet ei stund.

UKEburger.jpg

Blide og mette dommarar

Etter å ha fortært sin Bacon Brie Burgar, fortel Sunniva om opplevinga. Ho er godt nøgd med innhaldet i burgaren, og seier at den stekte lauken og aiolien tilførte den saftigheita ho var ute etter. Dessverre trekk det glutenfrie brødet ned, både på smak og konsistent, noko som ofte er tilfellet når ho kjøper mat ute. Ho seier det er vanskeleg å finne godt glutenfritt brød på utestader. Sidan ho berre har brødet å utsette noko på, får burgaren eit samla terningkast fem. Vi som kan ete vanleg brød har altså ingenting å frykte ved denne burgaren. «Eg hadde kjøpt denne buraeren igjen!», forsikrar ho.

Ei god og mett Kjersti var også nøgd med burgaropplevinga si. UKEburgaren har eit stort volum, og den store mengda tilbehøyr tilfører burgaren mange gode smakar som spelar godt saman. Vegetarburgaren smakte og metta godt. «Du får mykje mat for pengane!», samanfattar Kjersti. Avokadoelskaren var ekstra godt nøgd med guacamolen, som for ho var ein stor bonus. Terningkast fem til headlineren av burgarmenyen.

Etter å ha spist min Italian burgar, var eg og særs tilfreds. Kombinasjonen av dei italienske smakane frå mozzarella og pesto og resten av burgaren er ikkje noko eg har smakt før, men det var slettes ikkje dumt! Italian er ein kreativ burgar, som både var saftig og mettande. Eg trillar terningen, og landar på ein femmar.         

Etter å ha testa burgarmenyen til UKEgrillen, var vi tre glade og mette jenter rundt bordet. Ikkje berre var vi nøgde med at burgarane var smakfulle og spanande, men vi er også imponerte over kva UKEgrillen har fått til. UKEgrillen skal få stor honnør for at dei har satt saman ein spanande meny med kombinasjonar ein ikkje ofte ser, og at dei han gjort menyen tilgjengeleg for alle. Som Kjersti sa det: «Her er det noko for ein kvar smak og intoleranse!».