Spring for ein god ting

Journalist: Ida Lunde Naalsund

Foto: Arkiv

UKEhjelpa er ein komité som har funne måtar å få mykje av moroa som skjer under UKA i Ås til å gagne fleire enn berre Ås-studentane. 22.oktober arrangerer dei UKEinnsamlingsløpet, der du kan mosjonere for ein god sak.

 Anneli og Tijana er ansvarlige for innsamlingsløpet.

Anneli og Tijana er ansvarlige for innsamlingsløpet.

Eg har møtt Anneli Arentz-Grastvedt og Tijana Malesevic som er NK-ar i UKEhjelpa, og har teke på seg ansvaret med å arrangere innsamlingsløpet. Det er eit arrangement der alle kan stille opp og ta seg ein springetur som bidreg til langt meir enn berre god helse. Pengane som blir samla inn under løpet, blir donert til Plan Norge. Innsamlingsløpet er eit av fleire arrangement i regi av UKEhjelpa som samlar inn pengar til eit prosjekt i Malawi - eit land der barneekteskap nyleg har blitt ulovleg. Prosjektet går ut på å spreie dette bodskapet til barn og unge i landet, slik at dei blir opplyste om rettane sine.

Fleire kaloriar brent, fleire pengar tent

Anneli byrjar med å forklare korleis innsamlingsløpet går føre seg: Når løpet startar, har du ein time på deg til å springe og dermed samle inn pengar du får av ein sponsor. Sponsorar kan vere vener, familie, bedrifter, eller kven som helst andre som har lyst til å støtte dette gode formålet. Den som ønsker å finansiere løpet ditt, kan anten donere ein viss sum for kvar runde du spring, eller eit bestemt beløp for heile løpet. Når du har skaffa deg ein sponsor, sender du ein mail til ukehjelpa@ukaiaas.no, og du vil få tilsendt ein sponsorlapp du tek med deg på løpet. Når du har gjort dette, er det einaste som står igjen å gjere å møte med opp med godt humør og eit par joggesko!

Innsamlingsløp2.jpg

Sjølve løpet startar klokka 14:00 måndag 22.oktober, og vil ta stad på Storeplenen mellom Tårnbygningen og Urbygningen. Registreringa startar 13:00, same stad, og hit må du ta med deg sponsorlappen du fekk tilsendt. Viss sjølve løpsdagen kjem utan at du har rukke å meldt deg på, fortvil ikkje! Du har framleis moglegheita til å gjere ein innsats. Du møter berre opp til registreringa klokka 13:00 på måndagen, og melder deg på. Skulle du ønske meir informasjon om løpet, kan du finne arrangementet på Facebook eller kontakte UKEhjelpa direkte.

Ingen unnskyldningar

Innsamlingsløp5.jpg

Nokre av lesarane byrjar nok å sveitte av å berre lese ordet «løp», men Anneli og Tijana presiserer at fysisk form ikkje skal stanse nokon i å bli med på arrangementet. Det blir spelt musikk, og det er fokus på at det skal vere kjekt for alle som deltek. Du utfører løpet akkurat slik du ønsker, om du velg å sprinte eller spankulere er din sak. Det viktige er at du blir med og bidreg til ein god sak.

Det kan i midlertidig løne seg å ta med seg konkurranseinstinktet. Som ikkje godt samvit er god nok lønning, blir det i tillegg delt ut premiar til dei som går (eller spring) den ekstra mila. Den som gjennomfører flest rundar, samlar inn mest pengar, osv., skal bli premiert for innsatsen sin.

I slutten av praten vår, prøvde vi å komme på eit fengande slagord skal oppfordre alle som ikkje allereie har gjort det, til å melde seg på løpet. Etter å ha tenkt seg om litt, seier Anneli: «Berre slå det saman med treningsøkta den dagen!». «Ja, den var bra!», seier Tijana og begge håpar mange vil stille opp og springe for det gode formålet UKEhjelpa har i år. Møt opp 22.oktober, og gjennomfør den viktigaste treningsøkta denne månaden.