DIY oktoberfestkostyme

Er du lei av å bruke drøssevis av pengar på oktoberfestkostyme, berre for å finne ut at kjolen er for kort og at toppen er for utringa? Er du på desperat jakt etter lederhosen, utan hell? Frykt ikkje! KS i kost- og maks, Juliane Tytlandsvik Nødland, gir tips til kordan du sjølv kan lage kostyme!

Journalist: Silje Kvist Simonsen

Foto: Bendik Øverhus Hassel

 Thorvald og Tora er alltid klare for oktoberfest – i heimelaga kostymer

Thorvald og Tora er alltid klare for oktoberfest – i heimelaga kostymer

Kjole og duk

Eg møter Juliane i hengekøyeparken for ein prat om det som ligg på sinnet til mange studentar i desse dagar. Oktoberfestkostyme. Ein kan jo ikkje møte opp på festen utan kostyme, og dersom ein kjøper eit ferdig kostyme bruker ein lett 500 kr på syntetisk stoff som (for jentene) dekker overraskande lite av kroppen. I møte med dette problemet i fjor bestemte Juliane og ei venninne seg for å lage sitt eige kostyme. «Eg kjøpte ein kjole på Hennes som var alt for kort. Den blei til topp og eit forkle. Skjørt og detaljer laga me av ein duk me kjøpte.» Ikkje berre fekk dei kostyme for ein billig penge, men i løpet av kvelden fekk dei fleire kommentarar av folk som lurte på kor kjolen var kjøpt.

 Skjørt og bluse kan òg brukast om ein ikkje har kjole. Knehøge strømper blir ekstra fine med strømpeband.

Skjørt og bluse kan òg brukast om ein ikkje har kjole. Knehøge strømper blir ekstra fine med strømpeband.

Ingen syekspert

Å sy eit kostyme av eksisterande klede høyrest kanskje vanskeleg ut. Her tipsar Juliane om at det er lurt å ha eit utgangspunkt å arbeide frå, som ein kjole. «Se på sømmen, da blir det ofte lettare, og bruk Google». Om ein ikkje har symaskin er ikkje det heller eit problem, ein kjem langt med saksa! «Alle kan jo klippe!» Dersom ein vel seg ut eit stoff som ikkje raknar kan ein rett og slett klippe seg ein topp frå ein kjole, eller det ein elles har lyst til. For å gjere kostymet meir gjennomført anbefaler Juliane å heller legge til litt detaljer enn å fokusere for mykje på sjølve forma på kostymet. Legg til litt blondedetaljar, eller bruk same type band til sokkar og hår.

 Ein kjem langt med berre eit skjørt og eit kjøkkenhandkle.

Ein kjem langt med berre eit skjørt og eit kjøkkenhandkle.

Kjøkkenhandkle og belte for bukseselar

Å klippe til seg eit kostyme kan verke skremmande, det òg. Heldigvis er det godt mogleg å sette saman eit kostyme basert 100 % av eksisterande tøy. Ta ein tur på gjenbruksen, og sjå etter mønster og stoff som ser bra ut. Ruter og grøne og brune farger passer godt! For jentene kan ei kvit skjorte brukast under ein kjole, og som det essensielle forkleet kan ein bruke eit kjøkkenhandkle, festa med eit belte eller liknande. Høge strømper eig ein kanskje sjølv, viss ikkje er det berre å spørje ein fotballvenn eller nokon i Ås Blæstn. For gutane er det lederhosen som er viktig, og den kan lett erstattast med eit par knebukser. Kombiner desse med ei rutete skjorte og eit par bukseselar, og ein er klar for alt! Dersom det er langt mellom bukseselane tipsar Juliane om at to belte òg kan brukast. Her er det berre fantasien som set grenser.

 Carl Henrik fann alt han trengde i skapet sitt.   Korleis lage ein avishatt?

Carl Henrik fann alt han trengde i skapet sitt.

Korleis lage ein avishatt?

Prikken over i – en ; ein hatt

For å gjere kostymet heilt komplett for gutane er vel ingenting betre enn ein hatt. Den blir garantert populær på festen, men dette medfører òg risikoar. Kva om den blir stjåle? Då er det synd å ha investert pengar i han. Løysinga er enkel. Lag ein avishatt med UKEbloggens trinn for trinn guide.

Dermed er det berre å ta med seg ein venn og lage eit unikt kostyme for årets ølfest. Skål!

papirhatt 1.jpg

1) Legg frem ei avis med den opne sida mot deg.

papirhatt 2.jpg

2) Brett dei to øvre hjørna inn mot midten, fest med tape. (Tape er din ven her!)

3) Brett den nedre kanten opp. Snu avisa, gjenta på den andre sida. Fest alt laust med tape.

papirhatt 4.jpg

4) Opne hatten. Du kan no bruke den fritt.

Med ein kvist i hattebremmen er hatten komplett og klar for fest!

papirhatt 5.jpg